DSC_6882-web.jpg

Ein blogg av Trine Lerum Hjellhaug.

Om meg

Kva skal til for å gjere kvarandre gode?

Kva skal til for å gjere kvarandre gode?

I blogginnlegget Saman er vi sterke skreiv eg at eg meiner at ein leiar bør ha ei plattform å stå på. Med plattform meiner eg nokre punkt som skal vere førande for korleis leiarskapet skal utøvast. Det er ikkje sikkert at det er rett for alle å ha ei slik plattform, men for meg har dette vore viktig. Det er heller ingen fasit på korleis ein skal vere som leiar. I dette innlegget deler eg nokre stikkord om min filosofi om å gjere kvarandre gode.

For over 20 år sidan spurde eg meg sjølv om kva som var viktig for meg i mitt leiarskap. Her er svaret:

1.       Vi må tore å sette krav til kvarandre

Torer du å sette krav til ein kollega eller til sjefen din eller ein i nær familie? Eg krev at dei tilsette skal gjere sitt beste kvar dag. Det skal dei også krevje av meg. Mi erfaring er at folk, unge som eldre, likar å bli sett krav til. Det handlar om å tore. I tillegg til å sette krav til kvarandre, er det også viktig å avklare kva forventningar vi har til kvarandre.

 

2.       Vi må ha ein god struktur og ein god plan

Set du blomsterpottene symmetrisk i vinduskarmen? Det gjer eg. Eg likar orden. Har lært det av mor mi.

Skal organisasjonen klare å nå eit mål, må vi ha ein god plan. Strategi er for meg å vise retning. I dag endrar verda, samfunnet og marknaden seg lynraskt. Eg trur derfor ikkje på detaljerte strategiplanar, men heller å vere tydeleg på retning slik at alle veit kva vi skal arbeide mot. Vi vert også meir effektive når vi har orden rundt oss. Kven som helst skal kunne komme innom fabrikken vår når som helst. Det skal vere reint og i orden.

3.       Vi må involvere oss og ta ansvar

Kven er det sitt ansvar at du trivest på jobben? Sjefen? Det trur eg det er alt for mange som meiner. Hugs på at det er frivillig å arbeide der du er tilsett. For meg er det også frivillig å jobbe i Lerum. -Vil de verkeleg dette då? Det er ingen dans på roser, sa far og onkel då dei spurte meg, mine søstrer og mine søskenbarn om vi ville ta over bedrifta i 2005. Vi ville.

Alle er vi på jobb ein svært stor del av livet vårt. Det må vere kjekt. Då må vi ta ansvar. Eg som leiar har ansvar for å legge til rette, men eg klarer ikkje å fange opp alt som kan bli betre der ute. Dersom du vil at ting skal bli betre, må du involvere deg, ta ansvar, komme med forslag til forbetringar og fortelje kva som er bra og mindre bra. Det kan vere skummelt, men klarer vi å skape ein kultur for at det er lov å seie i frå, vert samhandlinga og samarbeidet betre. Det må vere høgt under taket.

 

4.       Vi må ha gjensidig respekt og tillit til kvarandre

“Om ikkje du er einig med meg, er du ein idiot”. Slik føler eg at alt for mange tenkjer, og kanskje også ytrar i sosiale medier i dag. Vi har ikkje nok respekt for at ulike menneske kan ha ulike meiningar. Det må gå an å vere ueinig om ei sak utan at vi skal snakke stygt om kvarandre eller ikkje kunne snakke med kvarandre om andre ting. Vi treng eit mangfaldig samfunn.

Å ha gjensidig respekt og tillit for kvarandre er mitt viktigaste punkt, og det heng saman med at eg er verdistyrt som leiar. Dersom eg skal få tillit, må eg først gi tillit. Tillit kan ikkje bestillast, du må gjere deg fortent til det. Det er ikkje for ingenting at ordet tillit kan skrivast både framlengs og baklengs. Hugs det.

Respekt.png

5. Vi må skilje sak og person

I fotball er det viktig å ta ballen og ikkje “mannen”. Det er viktig å skilje sak og person. I små bygdesamfunn, slik som eg bur i, kan dette vere svært vanskeleg. Vi treff kvarandre overalt. På jobben, på butikken, i barnehagen eller på idrettsarrangementet. Uansett kor små samfunna er, har vi ei plikt til å vere profesjonelle. Tenk kor vanskeleg det kan vere å for eksempel arbeide i ein barnehage der du ser at du bør varsle om saker og du veit at du møter ein føresett i eit sosialt lag nokre dagar etter. Her trur eg mange har mykje å gå på. Det må øvast.

 

6.       Vi må tore å ta avgjersler

Det er viktig å ta avgjersler. Ikkje alle vil vere rette, men for at organisasjonen skal komme framover er det betre å ta ei 95 % god avgjersle enn ikkje å ta ei. Viser det seg at avgjersla ikkje er optimal, er det ingenting i vegen for å justere retning på eit seinare tidspunkt. Ein organisasjon der det er vegring for å ta avgjersler, vil ikkje vere på hogget. Det skapar frustrasjon og usikkerheit.

 

7.       Rettferd er ikkje nødvendigvis å behandle alle likt

Rettferd er ikkje nødvendigvis å behandle alle likt. Alle personar har ulike behov. Vi må derfor tilpasse situasjonen til den einskilde dersom vi skal få ut det beste av kvar enkelt person. Set vi rett saman ulike personar med ulik bakgrunn og ulik kompetanse, får vi ei enorm kraft.

Rettferd.png

8.        Vi må stå for det vi seier og vere lojale

“Kva var det eg sa?” Har de høyrt det før? Etterpåklokskap er den enklaste vitskap og det verste eg veit. Når vi som lag har teke ei avgjersle, er vi lojale. I ei gruppe er det lov å vere ueinig i diskusjonen og konklusjonen, men vi skal vere lojale til gruppa si avgjersle. Punktum.

 

9.       Vi må kunne le og bruke humor. Det er lurt å vere audmjuk

Det er viktig å ikkje ta seg sjølv så høgtidleg. Det er berre ein jobb. Humor er derfor viktig. Å le med og ikkje av våre kollegaer gjer godt. Det er også lurt å vere audmjuk. Då får ein lettare med seg gjengen.

Ein leiar kan også gjere flauser. For nokre år sidan, til jul, skulle eg bestille ein fotballcaps hjå supporterbutikken på Idrettssenteret. I ein stressa situasjon tasta eg eit siffer feil på telefonen og kom til Legesenteret. Eg presenterte meg med fullt namn og bestilte ein caps på Legesenteret. Då eg etter kvart forstod at eg snakka med feil person, kjente eg at eg vart raud frå stortåa til hovudet. -Eg skulle kanskje hatt ein legetime også, god jul, sa eg, før eg la på røyret. Den kjensla av å vere flau er svært ubehageleg. Men, her har eg lært meg eit triks. Eg vel å fortelje kollegaene mine om det med ein gong. Ved å gjere det avvæpnar eg ein mogleg flau situasjon dersom eg vert konfrontert med det seinare. Stao no pao og heia Sogndal.

Ein god latter forlenger livet. Her ler eg med mine søstrer og mi mor.

Ein god latter forlenger livet. Her ler eg med mine søstrer og mi mor.

10.   Vi må gi kvarandre tilbakemelding

Kor mange av dykk har teke opp saker på jobben og aldri høyrt noko meir om det? Det er heilt vanleg. Det å gi tilbakemeldingar er noko av det vanskelegaste vi gjer, sjølv om det burde vere enkelt. Når det er slik, drep vi motivasjonen. Eg trur derfor at det å få ei negativ tilbakemelding er betre enn å ikkje få noko tilbakemelding.

Gjere kvarandre gode.JPG

 

Dette var altså eit forsøk på å gi eit lite innblikk i kva det å gjere kvarandre gode betyr for meg. Får vi til eit godt samarbeid og god samhandling mellom dei tilsette i ulike deler av ein organisasjon, kjem resultata. Men, det tek tid å bygge kultur. Etter over 20 år synes eg det begynner å virke. Sjølvsagt klarer vi ikkje å få alle tilsette like godt med oss i alle situasjonar, og sjølvsagt er det mykje som kan bli betre hjå oss. I Lerum har sjukefråværet vore lågt over lengre tid. I 2020 var det 2,9 %. Eg håpar at det kanskje er ein liten indikasjon på at vi gjer kvarandre gode…

 

 

Tale til 10. klasse ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Tale til 10. klasse ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Saman er vi sterke

Saman er vi sterke