DSC_6882-web.jpg

Ein blogg av Trine Lerum Hjellhaug.

Om meg

Kva skal til for å skape resultat?

Kva skal til for å skape resultat?

Tidlegare i år vart eg spurt av ein rektor på ein skule om eg kunne komme og snakke til dei tilsette om strategi, kultur og lagbygging. Denne utfordringa fekk meg til å sette meg ned å reflektere over kva vi i Lerum over tid har gjort dei gongene vi verkeleg har fått det til som organisasjon, og kva som ikkje har vore på plass dei gongene vi har mislukkast. Spørsmålet eg stilte meg var – kva skal til for å skape resultat?

Svaret på dette spørsmålet er ikkje alltid like enkelt å sette to strek under. Eg trur det handlar om å ha ei klar strategisk retning, ein god kultur og eit godt lag – og få desse tre faktorane til å virke samtidig. Eg illustrerer det ved å teikne tre sirklar der dei beste resultata kjem når alle tre sirklane overlappar.

Kva skapar resultat?

Di oftare vi klarer å vere i det området der alle tre sirklane overlappar, di betre resultat klarer vi å skape saman. Og det gjeld for alle typar organisasjonar, om det er ei bedrift, ein skule eller ein fotballklubb. Utfordringa vil alltid vere å få sirklane til å overlappe mest mogleg. Sirklane vil alltid bevege seg i forhold til kvarandre mellom anna fordi ulike faktorar, indre som ytre, påverkar dette, både på kort og lang sikt. Døme på ubalanse i dei tre sirklane ser de under.  Ein tydeleg strategi og ein god til kultur er ikkje nok til å skape resultat dersom ein ikkje har rett kompetanse på plass i organisasjonen.

Ein tydeleg strategi og god kultur vil ikkje gi resultat dersom ikkje laget har rett kompetanse til å gjennomføre…

Utfordringa frå rektoren fekk meg også til å tenke over om vi er flinke nok til å feire sigrane vore? Eg trur både vi og mange andre organisasjonar har mykje å gå på her. Alt for ofte tenkjer vi «Dette var bra, MEN…». Eg er glad for at det er iver etter å bli betre, men eg trur også at vi kan bli flinkare til å lære av det som har virka og det som ikkje har virka.

Eg skal i det vidare seie litt om kvart av desse områda. Og for å ha sagt det med ein gong – desse tre områda går over i kvarandre, og det kan derfor diskuterast kva som skal ligge i kva sirkel til ei kvar tid. Uansett – handlar det om å forene dei ulike elementa i kvar sirkel til ei kraft som skapar resultat.

STRATEGI

Stikkorda mine for strategi er: Forretningsidé, Retning, Mål, Planar, Struktur og Merkeavtrykk.

Strategi

Ein strategi er ein plan for å nå eit mål og skal gi svar på kvar vi skal og korleis vi skal komme oss dit. Eg trur det er viktig å vere tydeleg på kven vi er og kvar vi skal. Det skapar tryggheit. Planen skal vere eit verktøy slik at vi kan ta gode val mot eit definert mål. Veldig ofte vert det brukt store ressursar på å lage eit omfattande strategidokument som vert lagt i skuffa. Eg trur på det enkle. Vi må ha verktøy som vi brukar og som gir ein raud tråd i arbeidet med å definere aktivitetane.

Ein strategi skal gi retning. Det er det aller viktigaste for meg. Slik verda ser ut no, med uføreseielege rammevilkår, dyrtid og krigar, må strategiplanen vere dynamisk. I periodar i det siste har eg tenkt at vi får ta ein månad om gongen. 1 år, 2 år og 3 år er lenge slik verda endrar seg no.  Desto viktigare er det å definere retninga.

Vi har fokus på at vi skal ha ein berekraftig forretningsstrategi. Dette kan du lese meir om her.

KULTUR

Stikkorda mine for kultur er: Historie, Visjon, Verdiar, Berekraft, Verdistyrt leiing og Retningslinjer

Kultur

Ein bedriftskultur seier noko om korleis og kvifor vi gjer som vi gjer her. Det er dei felles normene, verdiane og visjonen i ein organisasjon. Det handlar også om dei formelle og uformelle normene som vert skapt over tid i forhold til haldningar, handlingar og åtferd. Det tek tid å bygge ein kultur. Eg trur det derfor er viktig å definere nokre formelle normer og kommunisere dei ut om igjen og om igjen og om igjen. I det arbeidet er det særs viktig at leiarane går føre som gode dømer og signaliserer gjennom eigen åtferd kva som er ønskja verdiar og normer. I tillegg er det viktig å relatere dei definerte normene til det daglege arbeidet i dei ulike avdelingane.

I Lerum har vi definert ein visjon, eit verdigrunnlag og ein leiarfilosofi. I tillegg har vi definert kva berekraft betyr for oss, og vi har ulike retningslinjer som skal følgjast. Visjonen vår er: I Saftbygda skal vi lage verdas beste smak av frukt og bær. Verdiane våre er ekte, stolt, ærleg og engasjert. Alt vi gjer skal gjenspeglast i dette. Målet er at alle har felles forståing og oppleving av «slik gjer vi det her».

Kva betyr dei fire verdiane til Lerum for korleis vi skal arbeide i dei ulike avdelingane? For å kunne svare på det, må det også definerast kva verdiane betyr. Mange bedrifter finn nokre ord som skal vere verdiane i bedrifta. Dei vert ikkje brukte om dei ikkje er definerte. Kva betyr det å vere stolt i Lerum? Jau, det betyr at vi skal vere bevisste på den kvalitet Lerum står for i alt vi gjer og seier. Vi har eit ansvar for verksemda sitt omdøme og verdiar.

LAGBYGGING

Stikkorda mine for laget er: Kompetanse, Innsats, Gjennomføring, Fleksibilitet, Trivsel og Kommunikasjon

Lagbygging

Uansett kva vi jobbar med, handlar det om å få menneske til å arbeide i lag. Vi er tydelege på at alle som jobbar i Lerum har ei viktig rolle, uansett tittel. Vidare prøver vi å vere fleksible. Det er lettare i administrative stillingar enn på produksjonslinjene, men vi strekk oss langt om ein tilsett treng fleksibilitet for å få familieliv og kvardag til å gå opp. Det handlar om å gi og ta. Og det handlar om å høyre til i ein kultur som gjer ein stolt.

Det vert stor konkurranse om å få tak i dei rette folka i framtida. Vi vert stadig fleire eldre i landet, og det vert derfor færre å ta av. Skal ein vere ein attraktiv arbeidsplass, må ein arbeide for at «ordet går positivt» gjennom dei tilsette. Alle tilsette er ambassadørar. Dei tilsette må bli inkludert, sett og høyrt, og dei må få bidra slik at det er meiningsfylt å arbeide der dei er. Då vil dei tilsette trivast.  

Her kan du lese meir om lagarbeid.

Sidan verda endrar seg raskt, vil det også vere stort behov for ny kompetanse inn i organisasjonane framover. Like viktig som å ta inn ny kompetanse, er det å sjå på dei arbeidsoppgåvene som vert gjort på dei ulike områda i dag. Skal vi halde fram å gjere det same som vi har gjort dei siste fem eller ti åra? Treng vi det? Eller er det andre arbeidsoppgåver som er viktigare no? Dette er spørsmål som eg trur mange organisasjonar kan bli flinkare å stille seg sjølv framover. Det kan også vere ein ide å tenkje meir på korleis bedrifter som ligg i same geografiske område kan dele på kompetanse som er vanskeleg å få tak i.

Strategi + Kultur + Lagbygging = Resultat

OPPSUMMERING

Å skape gode resultat, handlar om å få dei tilsette til å gå i takt mot same mål. Klarer vi å ha tydelege strategiar og retningslinjer, kommunisere kven vi er og korleis vi skal arbeide, og samtidig ha eit dedikert lag, skapar vi resultat. Å vere tydeleg på retning innanfor dei tre områda strategi, kultur og lagbygging gjer at vi har noko å justere oss inn igjen på når vi møter utfordringar. Og det gjeld uansett kva organisasjon ein høyrer til. Stao Pao!

Illustrasjonar og foto: Lerum/Shutterstock

Tale til Humanetisk konfirmasjon i Sogn 11. mai 2024

Tale til Humanetisk konfirmasjon i Sogn 11. mai 2024

Framtidas rekruttering - det handlar om mykje meir enn lønn

Framtidas rekruttering - det handlar om mykje meir enn lønn