DSC_6882-web.jpg

Ein blogg av Trine Lerum Hjellhaug.

Om meg

Tale til 10. klasse ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Tale til 10. klasse ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Kjære alle elevar i 10. klasse ved Hafslo barne- og ungdomsskule,

 

Gratulerer med dagen!

Det er ei stor ære for meg å stå her i dag og skulle snakke til dykk. Tusen takk for at eg får lov til det. 

Eg heiter Trine, er sogndøl, bur på Kaupanger og jobbar til vanleg som leiar i Lerum. Akkurat no har eg 1 års permisjon frå den jobben, før eg skal tilbake i januar.

Dagen i dag er ein av dei dagane eg trur de vil hugse når de blir eldre. Det er ein milepæl i livet. De er ferdige med 10 års grunnskule og skal feire dette saman med føresette, lærarar og skuleleiing her i kveld. De skal få utdelt vitnemålet dykkar.

I 10 år har de vore elevar ved skulen, og det antek eg har vore 10 år med både gode og mindre gode opplevingar. Det er vel slik her på Hafslo som det er alle andre plassar, det har vore utfordringar og diskusjonar, litt styr og litt sinne. Men, mest av alt håpar eg de har hatt gode opplevingar og fått gode venner som de vil ha resten av livet. Kanskje nokre av desse vennskapa vil vare livet ut, mens andre etter kvart forsvinn, og nye kjem til i det nye livet som møter dykk dei neste åra. Så i kveld så let de att ei dør bak dykk, og er klare til å opne nye dørar i livet.

Litt vemodig er det også. Det er forståeleg. Kanskje tenkjer de tilbake på første skuledag då de forventningsfulle og spente møtte opp i finstasen med ny sekk. Kanskje tenkjer de tilbake på alle avslutningane de har hatt for dei vaksne der det kanskje var litt flaut å opptre. Kanskje hugsar de tilbake til då de hadde elevkveldar og nervøst skulle danse med kvarandre.

Eg hugsar godt denne dagen for min eigen del, det er 30 år sidan. Dessverre vart ikkje den dagen slik me ønskte oss. Me kom bunadskledde til avslutningsfest på Sogndal ungdomsskule, men måtte snu i døra. Me miste nemleg ein klassekamerat i ei trafikkulukke berre nokre timar før me skulle møtast til fest. Livet kan av og til vere tøft og brutalt. Slik er det. Livet byr på både oppturar og nedturar. De vil møte motgang og endringar. Det kan virke skremmande for dykk, men hugs at i motgang og endringar ligg det moglegheiter.

Når de no er ferdige med 10 års grunnskule, skal de vidare på neste steg. De har gjort eit val, og det tenkjer eg kanskje har vore eit vanskeleg val for nokre av dykk. Nokon skal begynne på yrkesfag, nokon skal på studiespesialiserande. Nokon skal satse på idrett og nokon ønskjer å dyrke sine kreative evner. Eg håpar de har gjort dykkar eigne val. At ikkje det er foreldre som har valt. At ikkje de er påverka av kva vennene gjer. Det aller viktigaste er at de trivest med det de skal gjere til hausten. Om så ikkje skjer, stopp opp og endre kurs. Det er ingen skam å gjere om. For eg skjønnar godt at det er vanskeleg å vite kva ein vil bli på dette tidspunktet. Eg for min del gjekk studiespesialiserande. Men, de skal vita, då eg søkte vidare frå der søkte eg på ingeniør, fysioterapi og journalist. Ganske vidt forskjellige retningar, som viser at eg ikkje heilt viste kva eg ville eg heller.

Bilde1.jpg

For min del, var dei 3 åra på vidaregåande nokon av dei kjekkaste åra i livet mitt. Eg kom i klasse med Lærdøler, Aurlendingar, Lustringar og Vikjer. Hugsar godt då lappen var i boks og ikkje minst, russetida. Nokon av dei eg gjekk med har eg framleis god kontakt med. Det er ikkje så ofte vi snakkast, men når me gjer det er det akkurat som me prata i går. For meg er det venskap.

Eg har 2 jenter. Den eine har vore russ i år. Dei har hatt det kjekt sjølv om det har vore pandemi. Og eg har vore med på mødrerulling og ein kveld tok eg på meg russedressen min som eg har gøymt. Det vart bra latter i russegjengen då.

Når de ein dag skal ut i arbeidslivet, kan eg som arbeidsgivar fortelje dykk at me ønskjer mangfaldet. Hjå oss i Lerum har me tilsette med masse ulike bakgrunnar. Me har nettopp tilsett ein bilmekanikar. Me har bakarar, økonomifolk, ingeniørar, marknadsfolk, og mange viktige tilsette med ulike fagbrev. Me har lærlingar. Eg håpar at nokon av dykk kanskje kjem til å jobbe i Lerum om nokre år. Når de søker, så ser me raskt over vitnemåla og cv-en dykkar, men det er samtalen med deg og kva inntrykk me får av deg som menneske som kanskje er det viktigaste. Lerum er verdistyrt. Du må vere ekte – stolt – ærleg og engasjert om du skal jobbe med oss.  Eg har vore leiar i Lerum i over 20 år. Noko av det viktigaste for meg å fortelje dei som jobbar hjå oss, er at alle rollar er like viktige. Om du jobbar som reinhaldar eller er salsdirektør, er du like viktig for Lerum, fordi alle jobbar må gjerast om vi skal skape eit godt resultat saman. Derfor er det mennesket bak rolla som er viktig, og det er uavhengig av bakgrunn, kjønn, etnisitet og legning.

Eg er glad i fotball. Eg tippar det er nokre av dykk som spelar fotball. Eg spelte aktivt i 20 år og har lært masse om samarbeid og samhandling på fotballbana. Ein av dei tinga eg har lært er nettopp det at alle rollar er viktige. Det vert ikkje noko fotballag om ikkje nokon sit på reservebenken. Det fekk eg smerteleg erfare då eg spelte fotball under utdanninga mi i Trondheim. På Norges beste damelag på den tida var det 9 landslagsspelarar. Eg sat mykje på benken og var spelar nummer 12, 13 og 14. Eg såg kanskje ikkje då at benken var viktig for totaliteten, men eg har sett det etterpå.

Bilde3.jpg

Kva er det som kjenneteiknar dykk som no skal utdanne dykk til arbeidslivet? Eg meiner de er mykje flinkare enn min generasjon på fleire ting. Eg trur de:

  • er dyktige på å arbeide i prosjekt og vant til samarbeid.

  • er gode på kommunikasjon, vant til presentasjonar og språkkyndige

  • er sterke på bruk av digitale verktøy

  • kjem til å bli bevisste på balanse mellom jobb og fritid

  • kjem til å stille større krav til arbeidsgivar i forhold til velferdsordningar, medverking, karriere, samarbeid og moglegheit til sjølvstendig initiativ

  • vil arbeide for bedrifter som har eit godt omdøme og som set berekraft først på dagsorden. 

Trefte eg med noko av dette, tru? Det er ikkje så lett for meg å stå her å meine noko om dykk, det er trass alt 30 år sidan eg var der de er i kveld. Samfunnet var heilt annleis enn det er i dag. I dag er verden nærare oss, meir polarisert og har eit heilt vanvitig tempo. De har så høge krav til å vere perfekt, og alt som skjer på sosiale medier er med på å forsterke dette. Eg fekk min første mobiltelefon då eg var 20 år.

Skal me sjå. Eg må nett ta ein snap slik at eg kan legge ut at eg er her no 😊

 Sånn.

Apropos press. Er det mange av dykk som kjenner på presset om at karakterar skal vere topp, de skal ha fine klede, de skal sjå bra ut? Eg skulle ønskja at de klarte å gi litt meir f… i dette og kva andre meiner om dykk. Eg håpar og ønskjer at de framover klarar å stå i dykk sjølve og stolar på magekjensla. De må aldri gløyma å ha det moro. Når de ein gong skal ut i jobb, hugs på at det berre er ein jobb. Det må ha det kjekt.

De er også pandemigenerasjonen. Forhåpentlegvis har me lært noko av det siste 1,5 året me har vore gjennom. Eg håpar me har lært å roe ned litt. Me har i alle fall lært at me klarer å endre oss når me må. Det har sikkert vore eit tøft år for mange av dykk, men hugs på at me trass alt, har vore heldige, me som bur her me gjer, samanlikna med dei som for eksempel har budd i Oslo.

Eg håpar at de tek dei vala framover som gir dykk eit godt liv. Det er ikkje alltid dei gode vala er lette å sjå. Så ikkje forhast dykk. Bruk tid, og som eg sa tidlegare, viser det seg at valet ikkje er rett, bruk erfaringa det er å gå på trynet til å gjere eit betre val neste gong. Det er ingen skam å snu.

Det er heller ingen skam å be om hjelp. Alle menneske kjem før eller seinare ut for tøffe utfordringar. Våg å snakke om det og våg å vere deg sjølv. Våg også å hjelpe andre når dei treng det.

Når eg snakkar om det å arbeide, så brukar eg å seie at arbeidsglede oppstår ikkje av lønn, titlar og frynsegode - det kjem av to ting;

  • RESULTAT  - å gjere eit godt stykke arbeid som du kan vere stolt av

  • DET SOSIALE - å ha det godt med dei menneska du arbeidar saman med.

 

På vegen ut i livet, har eg lyst å gi dykk eit lite dikt av Bente Bratlund:

Doggdråpane i graset

Doggdråpane i graset ein tidleg morgon.
Å gå ut med bart sinn,
pusta inn den nye, ubrukte dagen.
Ta i mot fargane som stig fram or disen
og kjenne at ein er til.
Enno ha eit hav av timar
ventande der framme.
Enno ikkje ha trødd spor
i det landskapet som skal teiknast.
Vita at der ligg det og ventar, ventar........

Bilde5.jpg

 

Lukke til framover og tusen takk for meg.

Trine, 17. juni 2021

Alle leiarar bør gå i barnehagen

Alle leiarar bør gå i barnehagen

Kva skal til for å gjere kvarandre gode?

Kva skal til for å gjere kvarandre gode?