Velkommen til bloggen Saftvalley.no

 

Eg heiter Trine Lerum Hjellhaug og eg kjem frå Saftbygda Sogndal. Saman med mine 2 søstrer, Gro og Bente og mine 2 søskenbarn, Kurt og Grethe Kristin er eg 4. generasjonseigar i familiebedrifta Lerum. Vi lagar saft, syltetøy og jus.

Eg er gift med Nore og mamma til Birthe og Martine.

Eg likar å skrive. I tillegg er eg over snittet interessert i leiing og berekraft. Det å få menneske til å arbeide saman mot felles mål er det kjekkaste eg veit. I denne bloggen deler eg tankar om det å vere leiar og om kor viktig det er å ta vare på samfunnet rundt oss. Eg kallar det for «Å gjere kvarandre gode» og «Å ta vare på».

Uansett kva vi driv med, handlar mykje om korleis vi får til noko saman. I tillegg handlar det om korleis vi behandlar kvarandre. Bloggen er derfor tenkt for alle som er interessert i korleis vi får menneske til å arbeide saman mot felles mål. Om du er leiar eller tilsett, lærar eller selgar, dugnadsarbeidar eller fotballleiar, håpar eg du finn noko av dette interessant.

Ta gjerne kontakt med meg om du har meiningar og synspunkt.


Kontakt meg

Kontakt meg ved å bruke skjemaet under eller send ein epost til:
trine@lerum.no