DSC_6882-web.jpg

Ein blogg av Trine Lerum Hjellhaug.

Om meg

Alle leiarar bør gå i barnehagen

Alle leiarar bør gå i barnehagen

Me er midt i juli, det er sommarferie og eg er over halvveges i permisjonsåret mitt. Tida flyg. Det har vore fint å ha fri. Det gjer meg godt og eg er heldig som har moglegheit til å ta eit år fri. Første del av permisjonsåret har for det meste gått med til rehabilitering av eit nytt kne. Me er heldige som bur i Norge med eit så godt helsevesen. Og me som bur i Sogn er ekstra heldige som sannsynlegvis har landets beste sjukehus for innsetting av kneprotesar. Lærdal sjukehus. No begynner kneet å fungere godt. Å kjenne at eg klarer å gå raskare og brattare, og sykle lengre, det er inspirerande. Like inspirerande har det ikkje vore i alle desse månadane med all treninga som eg har lagt ned. Med skikkelege kjedelege øvingar repetert nokre hundre, kanskje tusenvis av gonger. Ja, berre prøv sjølv. Legg deg ned på golvet med beina oppetter ein glatt vegg. La beina skli sakte nedover så langt du klarer til kneet seier stopp. Repeter. Repeter. Repeter. Ganske så kjedeleg, men nødvendig. Alt for mange trur at ein operasjon fiksar «biffen». Beklagar, men det er etter operasjonen jobben startar.

Første tur med nytt kne til min favorittplass, Vardaheii i mai, med gode vener.

Første tur med nytt kne til min favorittplass, Vardaheii i mai, med gode vener.

I tillegg til rehabiliteringa, har eg hatt ulike gjeremål i dette halvåret. Eg har mellom anna engasjert meg i nokre samfunnsprosjekt og eg har nytta tida til å lese bøker. Ein annan ting eg har gjort, er å gå i barnehagen. Ja, for alle leiarar bør gå i barnehagen.

Ei god bok som eg anbefaler om du er interessert i leiing.

Ei god bok som eg anbefaler om du er interessert i leiing.

Kva i alle dagar, tenkjer du? Kva har ho gjort i barnehagen?

Det er mange ulike måtar å lære på. Før eg gjekk ut i permisjon, hadde eg tenkt at det å få vere med å sjå korleis ein barnehage vert driven, må vere lærerikt. For uansett kva ein driv med, handlar det om å få ulike menneske til å arbeide godt i lag. Dette nemnte eg for ein tilsett i den lokale barnehagen, og vipps, nokre dagar seinare fekk eg telefon frå styraren med spørsmål om eg ville hospitere. Så i slutten av mai og starten av juni fekk eg vere med nokre dagar i barnehagen her på Kaupanger.

Det å sjå korleis andre arbeidsplassar vert drifta er lærerikt. Det å ha respekt for andre yrker er viktig. For å ta konklusjonen først – eg har stor respekt for det arbeidet som vert gjort i barnehagen. Til alle som jobbar i barnehage – de forvaltar framtida vår. Eg skulle ønskje at de fekk meir anerkjenning for det enn det de gjer i dag.

For meg var det veldig kjekt å sjå korleis barnehagen vert driven. Godt organisert og god disiplin. Mange tilsette med lang og god erfaring og stoltheit for yrket. Nysgjerrige og stolte ungar som vil fortelje kva dei kan, kva dei gjer og som viser ein tillit til ein ny vaksen som kjem inn som eg ikkje trudde var mogleg. Og ungar som stiller spørsmål som for eksempel «Kven er du gift med du då?» Eller ungar som veit at eg jobbar i Lerum og som har ei mor som jobbar der og som stolt spør, «Veit du kven mamma mi er?»

Så, kva kan ein leiar lære av å gå i barnehagen?

Det er viktig med ein god plan og struktur. Utan ein god plan vert det kaos. Rutinar må vere på plass. Disiplin også. Og lojalitet til å følgje rutinane. Ja, for berre prøv å smørje 13 stk. 3- og 4-åringar med solkrem før dei skal ut att å leike etter lunsj. Det skal gjerast av 2 vaksne, med kvar sin unge sin solkrem, og mens dei 11 andre sit fint og ventar. Eg ser for meg korleis dette hadde gått om det skulle vore organisert på ein kva som helst arbeidsplass. 😊

Det er viktig å vere nysgjerrig, Ein av dei viktigaste eigenskapane til ein leiar er å vere nysgjerrig. Ikkje nysgjerrig for å vere nysgjerrig, men nysgjerrig for å vere interessert. Skal ein få til god samhandling, må ein kjenne dei ein jobbar saman med. Då må ein vere interessert i andre menneske. Ungar er nysgjerrige og utforskar ting. Dei torer også å stille dei «dumme» spørsmåla. Eg trur me alle har mykje å gå på i forhold til å tore å stille det spørsmålet me sit inne med, men som me ikkje torer å stille fordi me er redde for korleis det vert motteke. Veldig ofte sit mange andre med det same spørsmålet. Ungane viser at det ikkje er farleg å stille spørsmål.

Det er viktig å kunne observere korleis dine tilsette og kollegaer har det. Ulike personlegheiter må behandlast ulikt. Det å observere korleis ungar kommuniserer og opptrer, er god øving for å kunne sjå korleis dei tilsette har det. Når kommunikasjonen ikkje alltid er like tydeleg, må ein observere kroppsspråket og mimikken for å prøve å forstå. Eg har sagt det før,  Messi og Ada Hegerberg øver framleis på innsidepasningar, ein leiar må også øve.

Furuli barnehage

Furuli barnehage

Så har eg også gjort mine observasjonar, og gitt mine innspel til barnehagen. Eg trur me kan lære av kvarandre. For eksempel var ein av mine observasjonar korleis dei vaksne brukte stemma si for å gi klare beskjedar. For meg er det skilnad på å vere bestemt og sint i stemma. Det er betre å få ein bestemt enn sint beskjed når ting ikkje er som det skal. Eg trur også ungane oppfattar dette.

Eg har også observert alt for slitne ungar som har ein alt for lang arbeidsdag. Det er tøft å vekse opp i dag. Eg har sjølv hatt ungar i barnehagen, med leiarjobb og mann i full jobb med skiftarbeid. Det begynner å bli nokre år sidan, så det eg skriv no, skriv eg med fare for å kaste stein når ein sit i glashus. Samfunnet har endra seg mykje sidan me hadde barnehagebarn. Men, er det mogleg og i større grad tenkje slik me gjorde i forhold til lengda på dagen i barnehagen? Me hadde anledning til å forskyve arbeidstida slik at me klarte å korte ned dagen i barnehagen . Når begge seinare arbeida dagtid og ungane vart skuleungar, gjorde me det slik at den som reiste tidleg på arbeid, var først heime og laga middag, mens den som var heime om morgonen til ungane skulle på skulen, kom seinare heim. Eg veit at ikkje alle har anledning til dette, men eg trur at fleire enn dei som gjer det, kan klare å få det til. Så, ver så snill. Prøv. Det er stor skilnad på å vere 9 og 7 timar i barnehagen.

På grunn av covid-19, har barnehagen praktisert at alle ungane skal ha med matpakke. Lagar de matpakka til ungane slik de meiner barnehagen bør levere lunsjen? Og når det gjeld klede - om det er vår og sommar kan det regne. Har ungane med seg dei kleda som trengs?

Til slutt. Det trengs eit løft for å få fleire menn til å utdanne seg til barnehagelærarar, og ikkje minst – klare å behalde dei over tid i barnehagen. Generelt er det for mange damer som jobbar i barnehagar rundt om i landet. I Lerum har det vore motsett. I produksjonen har det vore for mannsdominert. Eg trur på mangfaldet. Dei beste skifta hjå oss, er der det er ein god miks av menn og kvinner. Det trur eg også bør vere eit mål for barnehagen.

Eg har også lært at etter Torsdagen kjem Tacodagen… 😊 Tusen takk for meg til alle i Furuli barnehage. Ekstra takk til Heidi og Merete. Det var lærerikt og kjekt å vere med dykk. Og på tribuna på fotballbana i Kaupanger vart det sagt at Trine har starta å jobba i barnehagen. Og til hausten håpar eg at det vert sagt at Trine har starta å jobbe i grunnskulen. Eg har lyst til å lære meir…

Bilde1.jpg
Godt val

Godt val

Tale til 10. klasse ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Tale til 10. klasse ved Hafslo barne- og ungdomsskule