DSC_6882-web.jpg

Ein blogg av Trine Lerum Hjellhaug.

Om meg

Norsk familieeigarskap  - 20 år sidan vi tok over som eigarar i Lerum

Norsk familieeigarskap - 20 år sidan vi tok over som eigarar i Lerum

9.12. 2005 var det 20 år sidan eg, mine søstrer Gro og Bente, og mine søskenbarn Grethe og Kurt tok over eigarskapet i Lerum etter vår far og onkel.

Eg hugsar godt fredag 9.12.2005. Vi har vel aldri gått med meir alvor opp Bryggjegota frå kontoret i Sogndal til Lægreid hotel der vi skreiv under avtalen saman med pappa Bjarne og onkel Kåre. Bestefar Karl var også tilstades saman med mamma Gerd Signe, tante Aslaug, våre ektemakar, advokat Jan Tollefsen og styreleiar Sverre Tysland.

Avtale underskriven 9.12.2005. Her er vi med advokat Jan Tollefsen og styreleiar Sverre Tysland

Det var med stor respekt og audmjukheit vi skulle ta over etter Kåre og Bjarne. Dei som hadde industrialisert Lerum og utvikla bedrifta til ein nasjonal aktør i næringsmiddelbransjen i Norge. Det var store sko å fylle.

Utklypp frå Sogn avis desemeber 2005

Sidan då har vi etter beste evne prøvt å ta vare på det dei bygde opp, vise respekt for det generasjonane før hadde gjort og ta med oss det dei hadde lært oss, samtidig som vi måtte tilpasse bedrifta til nye tider med endringar i samfunn og marknader.

Det har vore mange opp- og nedturar også for oss slik det er i dei fleste bedrifter.

Vi har fokusert på å bygge merkevara Lerum. I tillegg har vi utvikla ei ny merkevare, ZERoh! som vi også har teke til Sverige og Finland. Omsetnanden har auka frå omlag 400 mnok til 900 mnok, og det akkumulerte resultatet før skatt har vore omlag 500 mnok i perioden.

Vi hadde ikkje klart noko utan våre kjekke og dyktige tilsette. 30 % av dei har vore i Lerum i 30 år eller meir. Ekte, stolt, ærleg og engasjert. Tusen takk!

Tilsette i Lerum samla på Lerumdagen i august 2025

Vi veit at det var mange skeptiske røyster til oss i 2005, noko som ga god motivasjon.

I leiaren i Sogn avis stod det: «Så kan berre framtida gi svar på om dei nye eigarane er like dynamiske og kraftfulle som dei som no trer til side. Det er all grunn til å ynskja 4. generasjon Lerum lukke til»

Eg synes vi har klart oss sånn nokolunde bra…

No er 5. generasjon komne inn på eigarsida. Karl Andre og Marianne har teke over eigarskapet etter si kjære mor og vår kjære søster og søskenbarn Bente som gjekk bort i august. Vi ønskjer dei hjateleg velkomne inn i eigargruppa.

5. generasjon på “opplæring” i auditoriet på fabrikken i Sogn

Vi håpar etterkvart at resten av 5. generasjon kjem inn på eigarsida slik at Lerum framleis kan vere ei familieeigd bedrift i Sogn, på Vestlandet, i Norge. For oss og alle andre familiebedrifter ønskjer vi oss meir stabile rammevilkår. Vi må ta heile landet i bruk, og dei mange små og mellomstore familiebedriftene rundt omkring i landet er viktige samfunnsbyggarar i sitt lokalsamfunn. Viss formuesskatt er så viktig – som så mange politikarar hevdar – må den innrettast slik at det bærande og skapande familie- og private eigarskapet i norsk næringsliv ikkje kjem dårlegare ut enn utanlandske eigarar, statlege og kommunale eigarar og pensjons- og andre investeringsfond. Norsk næringsliv treng eit eigarnøytralt skattesystem. Alt anna er konkurransevridande og øydeleggjande for skaparkrafta.


Tale til Humanetisk konfirmasjon i Sogn 11. mai 2024

Tale til Humanetisk konfirmasjon i Sogn 11. mai 2024